top of page
hand of businessman pulling out or placi

DIN VEKST 
ER VÅRT MÅL

Black on Transparent.png
Safety%2520hat%252Cglove%252Cglasses%252Cear%2520plugs%2520and%2520note%2520book.%2520Health%2520and

HMS

Helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid handler kort sagt om å redusere/ fjerne risiko for farer og ulykker, og aktivt å rette søkelyset mot dei positive og helsefremjande faktorane i arbeidsmiljøet. Nøkkelen til gode HMS-resultat på ein arbeidsplass er effektive og fornuftige prosessar, der leiinga er synlege i alle ledd. Vestland Consulting har lang erfaring frå oppfylging av HMS-arbeidet på arbeidsplassar, både i bygge-, drifts- og avslutningsfase.

KVALITET

Kvalitetsarbeid er systematisk arbeid for å forbetre kvaliteten på eit produkt, ei teneste eller ei verksemd. Kvalitetsarbeid er nødvendig i alle typar bransjer, men det vert stilt særleg strenge krav i bransjar, der kvalitet kan være avgjerande for liv og helse.

 

Internkontroll er å kontrollere si eiga verksemd for å avdekke feil og manglar eller risiko for svikt, og er ein viktig del av kvalitetsarbeidet. Alle norske verksemder er etter Interkontrollforskrifta pålagde å drive internkontroll. Sentrale verktøy for internkontrollen er avviksbehandling, risikovurdering og 

kvalitetsgjennomgang.

 

Eit styringssystem er et system for å styre ei verksemd, det vil seie å sørge for at det er samsvar mellom målsetjingar og planar, og det som faktisk vert utført i verksemda. Eit kvalitetssystem er eit styringssystem som er spesielt innretta på kontinuerleg kvalitetsforbetring.

 

Ikkje alle verksemder har dedikerte menneskelege ressursar til å styre kvalitetsarbeidet. Vestland Consulting kan tilby «kvalitetsrådgjevar til leige» for å ivareta denne funksjonen i verksemda på heil- eller deltid.

Compliance%252520Rules%252520Law%252520Regulation%252520Policy%252520Business%252520Technology%25252
Businesswoman hand stopping the domino w

RISIKOSTYRING

Risiko er ein nødvendig del av all verksemd, og i ei verd, der enorme mengder data vert handsama i stadig raskare tempo, er det å identifisere og handtere risiko, ei utfordring for dei fleste organisasjonar.

 

Risikostyring kan medverke til at organisasjonen din presterer meir effektivt og fremjar eit trygt arbeidsmiljø. Risiko som påverkar organisasjonen din, kan få konsekvensar for omdøme, økonomiske resultat, og for oppfylging av miljø-, sikkerheits- og samfunnsmessige forhold.

 

Me kan tilby verksemder hjelp i samband med etablering av effektive prosesser og system for risikostyring. Det handlar om å fastsetje verksemda sin risikoaksept og etablere effektive risikostyringsprosessar, tilpassa selskapet sin storleik og kompleksitet.

 

Effektiv risikostyring er eit verktøy for å optimalisere verdiskapinga innafor det aksepterte risikonivået verksemda har fastsett. Risikostyring hjelper denne med å identifisere dei viktigaste farene i drifta, føreslå og prioritere risikoreduserende tiltak, samt fylgje opp resultat frå tiltaka.

 

Me kan hjelpa med å etablere rammeverk for tilpassa risikostyring, og mellom anna hjelpe til med kartlegging, vurdering, overvåking og handtering av dei risikoar verksemda står ovanfor.

PROSJEKTLEIING

Me har erfaring frå leiing av eit vidt spekter av forskjellige typar prosjekt innan risikostyring, kvalitet, HMS og regelverk.  Eit prosjekt går som regel over ein avgrensa periode i tid. Det kan derfor vera ynskeleg å leige denne ressursen eksternt, framfor å omrokkere eige personell. Vestland Consulting kan fylle rolla som prosjektleiar dersom verksemda di har prosjekt som skal gjennomførast.

Team work concept,team meeting,Business
Heim: Services
Oil platform in Norway at sunset.jpg
Heim: Contact

KONTAKT OSS

Dagleg leiar: Arne Sandven

+47 993 24 562

  • Facebook
  • Linkedin - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Takk for innsendingen din!

©2020 by Vestland Consulting AS.

  • Facebook
  • Svart Linkedin Ikon
  • Svart Instagram Ikon
bottom of page